• Siri Wathne Grøndahl

INTERAKTIV PowerPoint

Oppdatert: 30. des. 2020

Ein rask introduksjon av forfattaren.

Siri Wathne Grøndahl heitter eg, og eg er så heldig at eg skal få skrive eit gjesteinnlegg her hjå digITal SKOLEring. Av yrke er eg utdanna adjunkt, adjunkt med tillegg etter våren 2021. Eg underviser på ungdomsskulen på mitt 6. år, og har undervisningsfaga norsk, musikk og samfunnsfag. Etter at eg fullførte grunnskulelærarutdanninga mi, har eg bygd på utdanninga mi med 30 studiepoeng i "Nynorsk i opplæringa 8.-13. årstrinn" ved Høgskulen i Volda. I desember 2020 har eg nett fått godkjent 15 av 30 studiepoeng i "IKT for lærerer" ved Høgskolen i Østfold.


Når det gjeld det digitale og IKT i skulen, trur eg det blir viktigare og viktigare med god digital kompetanse - båe for lærarane og elevane. I ein skulekvardag kor IKT blir meir og meir brukt, meiner eg det er viktig at ein tar seg tida til å utvikle og heve IKT-kompetansen sin slik at elevane blir utsette for ein variert, men også meiningsfylt og gjennomtenkt digital kvardag. Eg tenkjer at me må sjå på oss sjølv som digitale rollemodellar òg.



Interaktiv PowerPoint


Som mange lærarar og pedagogar nyttar eg PowerPoint (heretter PP) ein god del i eiga undervisning. Eg er alltid på jakt etter ein betre og meir kreativ måte å utnytte PP sine funksjonar. Interakvititet er ein av desse tingane.


Ideen bak interaktiv PP er på ingen måte noko nytt, og innlegget mitt er inspirert av Magnus Nohr, ansvarlig for "IKT for lærere - 30 stp." ved Høgskolen i Østfold. Altså er dette mitt døme og mi formidling av ideen/moglegheita. Eg kjem til å skrive litt om kva som ligg bak konseptet, men eg har òg laga ein video som syner steg for steg korleis du går fram for å lage ein slik PP.


Dømet eg nyttar i videoen, tar utgangspunkt i nynorsk og oppstart av nynorsk, fordi eg underviser i norsk, og nynorsk er sidemålet ved den skulen eg arbeider.




Kva er interaktiv PP?

Interaktivitet syner til at noko eller nokon skal samhandle med noko anna. Når ein snakkar om interaktivitet i undervisningssamanheng, snakkar ein om noko som gjer at elevane kan arbeide med eit opplegg som gir umiddelbar respons. Samstundes bør eit slikt opplegg vere sjølvgåande med klare instruksjonar på kva elevane skal gjere, for å kunne utføre opplegget sjølvstendig.


Du har kanskje vore innom ulike nett-tenester som kan tilbyde interaktivitet, som Book Creator eller SMART Learning Suit Online (SLSO). Ulempa med desse tenestene er at du er avhengig av å ha ein konto og at elevar har ein iPad eller datamaskin med touch-funksjon osb. Det er her PP kjem inn, fordi PP er noko dei aller fleste har tilgang til på si eiga datamaskin, og det er lettare for elevane fordi dei kan nytte den digitale eininga dei har tilgang til.


Mange er vand med at PP er eit presentasjonsverktøy, men du kan faktisk nytte programmet til å lage mykje meir enn berre presentasjonar, som til dømes interaktivt undervisningsopplegg. Grunnen er at programmet lar deg lage lenkjer internt i dokumentet, slik at du kan sende elevane mellom dei ulike lysbileta. I tillegg kan du leggje på lyd slik at elevane kan få umiddelbar respons på om det er korrekt eller ikkje.


Korleis du legg opp den interaktive PP-en er avhengig av kva tema du vel. I dømet eg nyttar for å vise deg korleis du kan gå fram, har eg lagt inn forklaringar på kva som er feil og kvifor, men også kva som er riktig og kvifor. Det gjeld ikkje alle spørsmåla, men der det er naturleg har eg gjort det. På den måten kan elevane lære noko meir enn berre rett eller galt.



TIPS

Her kjem nokre summerande tips:

  • Ha spørsmåla dine og planen din klare.

  • Ha gjennomgåande layout/design.

  • Lag ei oppgåveside, og legg til eit heimikon på kvart lysbilete som sender elevane attende til oppgåvesida.

  • Dobbeltsjekk at alle lenkjer er riktige.

  • Lagre PP-en som ein framvisning, altså som .ppsx-fil.


POWERPOINT

Her er PP-en eg har laga og nytta som døme. Med denne har du moglegheit til å ta ein titt på korleis eg har bygd han opp.

Interaktiv PP om nynorsk_
.pptx
PPTX • 2.74MB

VIDEO

Under kjem videoen. Den er noko lang, men den tar føre seg steg for steg korleis du skal gå fram for å lage ein interaktiv PP. Opnar du videoen på nettstaden til YouTube vil du kunne navigere deg lettare fram og tilbake fordi videoen er delt inn i kapittel.


Lukke til!


Siste innlegg

Se alle

Skjermopptak med PowerPoint

Har du blitt oppmerksom på at andre filmer sin egen skjerm, og at de på denne måten får vist frem akkurat hva det er de driver med?

Enkle grep for en bedre PowerPoint

Noe jeg ikke var klar over, var at PowerPoint ble lansert første gang i 1987. Nittenåttisju! DET er en stund siden. Selv er jeg usikker på om programmet var noe særlig til bruks her til lands før slut